Urke ligg midt i Sunnmørsalpane og er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar til Slogen, Saksa, Urkeegga, Jakta, Råna og mange fleire. Dei fleste fjella har godt oppmerka stiar. I Bruaparken som ligg like ved campingen, er fleire fjellturar beskreve i kart. Ein kort tur til Gapahuken «Bentebu» i Leknesdalen er obligatorisk og herfra kan du fortsette opp mot Saksa som nylig har fått oppgradert råsa gjennom ura.
På Badestranda “Bøvika” like ved bygda har vi stupetårn og flytbrygge.Her er det fint å bade og stupe, spille fotball, beachvolley, grille og kose seg.
Hjørundfjorden og Norangsfjorden er ein fiskerik fjord. Her er mange plasser det er lett å fiske fra land. På butikken kan ein få kjøpt fiskeutsyr, og det er fleire som leiger ut båt i bygda. Sjå på oppslagstavla eller spør oss om tilbud.
Urke Kaihus har blitt ein nydeleg kafe/pub – eit tilskot til bygda som vi kanskje eigentleg ikkje trudde vi trengde. Kaihuset blei gjort i stand for hurtigrutegjestar hausten 2014 – drive på dugnad av bygdefolket med Grendalaget og Urke Utvikling i framsete. Så tok brørne Tore og Andreas Lindbæk over og sørga blant anna for stor flott uteservering og sjenkeløyve. Dei held ope kvar dag om sommeren og det er absoultt verdt et besøk for å nyte en kopp kaffe med vafle eller heimelage kake, eller nyte ei kald pils etter ein flott fjelltur.
Urke er eit fint utgangspunkt hvis du liker å sykle. Da kan det anbefalast å ta turen gjennom Norangsdalen, som kanskje er verdas vakraste omvei med flotte sæter-grender og det berømte Lyngstøylsvatnet. Ta også ein tur innom det erverdige Hotel Union Øye som ligg i nabobygda Øye. Campingplassen har 2 Kayakkar og 2 kanoar som kan leigast til å utforske fjorden med. Ellers er det fint å gå på bydgevandring og sjå på Bruaparken, butikken, gardane og dei gamle kvernhusa i bygda.